Poesikveld på Frie Kunster

Fredag 14. mars 2008

Frie kunsters litteraturscene får fredag 14. mars
kl. 20.00 besøk av den belgiske diktaren

Luuk Gruwez
.
LuukGruwez.jpg
Gruwez (fødd 1953 i Kortrijk) blir av
 mange halden for den største nederlandskspråklege samtidspoeten i
 Belgia. Han høyrer til den nyromantiske retninga i nederlandsk lyrikk,
 eit straumdrag som atter rettar merksemda på dei store tema: livet,
 kjærleiken, det forgjengelege og døden. Men Luuk Gruwez' poesi sprengjer
 grensene for periodar og inndelingar i litteratursoga. Versa hans er
 like nådelause som dei er romantiske. Gruwez syng gripande om sitt grå
 Belgia og står i samband med tidlegare flamske diktarar som Maurice
 Maeterlinck, Émile Verhaeren og Jacques Brel. I år er Gruwez aktuell med
 boka Lagerwal som har fått ros av kritikarane i belgiske og nederlandske
 aviser. 
 Ved inngangsdøra bed vi om ein liten entré på kr. 50,- som inkluderer
 inngang og ein nyutgjeven publikasjon med tolkingar av poeten til norsk
 og ein artikkel om nederlandsk samtidspoesi.
 I tilknyting til opplesingslokalet har Frie Kunster ein restaurant, Café
 Art´é, med fulle rettar og italiensk kjøken.
 Vi ynskjer dykk hjartans velkomne til atter ein triveleg kveld på Frie
 Kunster.
 
 Arrangementet er ved Senter for Frie Kunster, Café Art´é, Ronny Spaans,
 Håkan Sandell og Norsk Kulturråd.
luukgruwez Poesikveld på Frie Kunster